Journal

NO
22/01/21 • Essay : Merete Jonvik

.

NO
22/01/21 • Essay : Merete Jonvik

.

I denne teksten reflekterer sosialantropolog og sosiolog Merete Jonvik rundt tema som makt og vitskapleg utvikling, og korleis det sanselege og materielle speler ei rolle i denne samanhengen. Det som trigga hennar refleksjonar er kunstverket «Å flytte et punktum» av Siv Bugge Vatne som er blitt ein del av hennar kvardag.

Eg har begynt i ny jobb. Etter ein uvanleg start grunna unntakstilstanden knytt til utbreiinga av covid-19, fekk eg omsider lov til å ta i bruk kontoret. Kontoret ligg i Elise Ottesen-Jensens hus på Ullandhaug, der Universitetet i Stavanger held til. Det er fleire forhold ved dette jobbskiftet det er grunn å gle seg over, men her skal eg fokusera på ei sanseleg-materiell side. For å koma til kontoret går eg inn hovuddøra til Elise Ottesen-Jensens hus, eit sør-vest-vendt bygg med eit betongfylt inngangsparti, oppført og opna i 2015. Framfor hovuddøra er det, i tillegg til betongunderlaget, nokre grasflekkar og to ansatsar i mur som går langsmed bygget. På desse ansatsane i mur kviler to store rullesteinar. Det er desse steinane som er blitt del av livet mitt.

Å setja punktum

Steinane og ansatsane er del av kunstverket Å flytte et punktum av Siv Bugge Vatne. Å flytte et punktum er eit stadspesifikt verk bestilt av KORO – Kunst i offentleg rom, som del av kunstordninga for oppføring av kunst i nye statseigde bygg. Som tittelen indikerer, og som KORO skriv om verket, fungerer rullesteinane som punktum: «som i en avslutning eller en konstatering». 1 Som ei avslutning kan eit punktum markera ei endt ytring eller utsegn. Ein bodskap er formidla med ord og avslutta av eit punktum. Innbakt i dette ligg at avslutninga inneber ei opning for at noko anna kan koma etterpå. Som ei konstatering vernar eit punktum om ei stadfesting. Noko er ytra, markert eller slått fast. Det er ei kjensgjerning at som ein markør på ei konstatering er det mange punktum som treng utfordrast, som ikkje treng eller bør stå der dei står.

Å setja punktum kan vera både lett og vanskeleg. Kor set ein punktum og kven avgjer kor det skal stå? Denne teksten forfølgjer to spor: makt og moglegheit til å setja punktum som noko som skapar erkjenningar og rørsle i det vitskaplege feltet, og rolla det sanselege og materielle kan spela i desse erkjenningane og rørslene.

  1. https://koro.no/kunstverk/%C3%A5-flytte-et-punktum/
  1. Doris H. Linder, Seksualpolitikk og kvinnekamp. Historien om Elise Ottesen-Jensen, 1996. Tiden Norsk Forlag. Forord av Gro Harlem Brundtland.

Å produsera kunnskap

Rullesteinane i Å flytte et punktum er store og tunge. Det er som om dei roper at dei er punktum. Dei får meg til å tenkja at svært mykje er hogd i stein. Desse punktuma let seg ikkje flytta. Eg klarar ikkje flytta dei åleine. Om vi var mange som samarbeidde kunne vi kanskje klart å rikka på dei. Alternativt måtte vi søkt hjelp i store maskiner. Kanskje dei med felles kraft kunne latt seg vippa utfor ansatsen. Men kva så? Ville det vera betre at steinane vart liggjande ved sida av ansatsen i staden for oppå? Kva konsekvensar ville flyttinga av punktuma ha, og for kven? Kanskje ville nokon på sisofysisk og mystisk vis koma og rulla steinane tilbake der dei vart rulla ned frå. Nokon som ville tena på at punktuma forblei der dei i utgangspunktet stod.

 

Steinane si tyngd og sin storleik leier tankane mot at det er tungt å få gjennomslag for nye forståingar. Nokre gonger for tungt. Samstundes bidrar dei til å understreka at det heller ikkje skal vera lett å endra grunnhaldning, å lansera ei ny sanning, eit nytt vitskapleg grunnlag, utan at dette er grundig utprøvd og diskutert. Slik kan verket lesast som ein kommentar til Universitetet i Stavanger sin visjon og misjon om å utfordra det velkjende og utforska det ukjende.

 

Å flytte et punktum er plassert på grunn der det skjer vitskapleg aktivitet. Verket kallar slik på koplingar til kunnskapsproduksjon, forsking og opplysingsarbeid. Vitskapen sitt vesen, så vel som samfunnet si utvikling, kviler på kritikk, diskusjon og motbør mot det beståande. På brytningar og reorienteringar mot noko som er større, betre, rettare enn det kritiserte. Kritikk og motbør inneber at nokon formar nye stadfestingar, utfordrar det beståande. At nokon fjernar setningar, formar nye, set opp nye måtar å forstå verda på. Legg fram nytt innhald. Flytter punktum. Set opp nye spørjeteikn. Fjernar gamle utropsteikn.

 

Slik kan nye erkjenningar, nye sanningar, nye løysingar veksa fram.

 

Å fremja ein bodskap

Sidan verket Å flytte et punktum er plassert framfor Elise Ottesen-Jensens hus ber det om å bli samlest opp mot hennar liv og virke. Ottesen-Jensen var ein folkeopplysar og aktivist. Ho jobba for spreiing av informasjon om seksualitet og kvinners helse, for prevensjonsrettleiing, familieplanlegging og moglegheit for regulering av talet på barnefødslar. Ho stifta Riksförbundet för sexuell opplysning (RFSU) i 1932 og leia organisasjonen i over 25 år. Ottesen-Jensen har sjølv skrive at lova som forbaud opplysning om og offentleg sal av prevensjonsmiddel var som ein anstøytsstein. Å ta anstøyt av noko tyder å irritera seg eller kjenna seg krenkt over noko, å kjenna harme og irritasjon. Med det Ottesen-Jensen oppnådde innan opplysning og konkret betring av livsvilkår for ein rekkje personar kan vi i ettertida konstatera at ho ikkje lot seg hindra av denne anstøytssteinen. Ho flytta den. Ho braut lova for å gi kunnskap om prevensjonsmiddel. Det er sannsynleg at konstateringane som måtte fremjast for at tidlegare stadfestingar skulle fjernast ikkje kjendest enklare enn å skulle flytta dei to steinane som i dag står framfor huset som held hennar namn. Ottesen-Jensen utfordra det beståande. Då ho ei tid budde i Danmark vart ho utvist med grunn i sine revolusjonære idear og aksjonistiske gjerningar. Så store var punktuma som skulle flyttast. Som vart flytta.

Å retta merksemda mot form

Både opplysningsarbeid, vitskaplege erkjenningar og kunstnarisk produksjon må formidlast gjennom form. Alle bodskapar har ei form. Form er ikkje utan tyding for å forstå bodskapar. Astrid Helen Windingstad skriv om seminaret som vart halde i samband med den såkalla avdukinga av Å flytte et punktum, at seminaret – gjennom sine ulike bidrag som foredrag, performance og debatt – tydeleggjorde nettopp kor mykje form har å seia for vår oppfatning av det som blir formidla. 2

Kva er Bugge Vatne si form? Kva var Ottesen-Jensen si form?

Bugge Vatne fortel under det same seminaret at ho i sin kunstnariske praksis gjerne jobbar erfaringsbasert, at ho byrjar med form, med naturlege materialar, og forsøker å utsetja refleksjonen til seinare ut i skapingsprosessen. Gjera først, tenkja etterpå. Ho jobbar ut frå at det kroppslege eller naturens krefter i ho sjølv skal verka i og for seg sjølv – og at refleksjon og konseptualisering kan koma etterpå. Ho jobbar intuitivt, ut frå eigne sansingar og erfaringar med materie. Ho er vidare interessert i skiljet mellom det naturskapte og det menneskeskapte. Kritikar Maria Kjær Themsen løftar under seminaret fram at nettopp denne relasjonen kjem tydeleg til uttrykk i verket som er plassert utanfor Elise Ottesen-Jensens hus. Rullesteinane, som er attkjennelege jærske særtrekk, har fått halda på sin naturlege form. Spora i steinane er naturlege, det er spor av istid og naturen sine rørsler i dei. Ansatsane dei står på er menneskebearbeida stein, desse steinane er slipt og lakkert, og består av rette kantar og linjer. Verket inneheld slik ei materiell og poetisk konstatering av at i relasjonen mellom natur og menneske, er det naturen som set punktum, som kjem til å setja punktum, for våre utfaldingar. Så er vår oppgåve å erkjenna dette før det er for seint.

Gro Harlem Brundtland – lege, tidlegare statsminister og til liks med Ottesen-Jensen særs oppteken av kvinners reproduktive helse – skriv i ei bok om Ottesen-Jensen at hennar kjennemerke var ei form for folkeopplysing som baserte sin bodskap på godt dokumentert vitskap. 3 Og at ho var ein meister i å formidla bodskapane ho ville ha fram på måtar som vart forstått og etterlevd. 4 Vi lev i ei samtid som skyv på grensene mellom fakta og oppspinn, sanning og røyndomsbrest, så understrekinga av behovet for forståelege bodskapar fundert i dokumentert vitskap og fakta er verd ei presisering. Verd sitt eige punktum.

Tankane eg presenterer i denne teksten spring ut av erfaringar eg har med å passera rullesteinane, ta til meg forma deira, undra meg over kvifor nettopp stein er materien som er brukt og å tenkja over kva motivbakgrunn kunstnaren har jobba ut frå. Ei sanseleg erfaring av den materielle verda som omringer meg starta tankeprosessen og bidrog til å leia merksemda mot tema som kunnskapsproduksjon, kritikk og meiningsbryting. Mot kva som skapar erkjenningar og rørsle i det vitskaplege feltet og i opplysningsarbeid. Den konkrete forma til Å flytte et punktum og dei abstrakte koplingane som bur i verket sette i gong eit samspel av refleksjonar og erkjenningar.
Slik kan understrekingar av behovet for vitskapleg funderte argument og opplysing, leva side om side med understrekingar av at sanseleg-materielle sider ved tilværet er ei viktig kime til erfaring, forståing og tankeverksemd.

  1. https://www.contemporaryartstavanger.no/flytte-et-punktum/
  1. Doris H. Linder, Seksualpolitikk og kvinnekamp. Historien om Elise Ottesen-Jensen, 1996. Tiden Norsk Forlag. Forord av Gro Harlem Brundtland.
  1. Ibid, Brundtland, side IV.

Å tillegga meining

Å flytte et punktum eggjar til tankeverksemd og ein aldri så liten aktivistisk impuls kvar gong eg passerer verket — kvar gong eg passerer steinane som no er blitt en del av mitt liv og min ferdselsbane i verda.

I tillegg står tomrommet framfor steinane på ansatsane kvar dag klare til å fyllast med forbipasserande sine eigne setningar. Sjølv visualiserer eg stadig kva ulike stadfestingar punktuma vernar om. For tida står det Bruk stemma di oppå ansatsane, avslutta av store markante punktum.


Merete Jonvik er sosialantropolog og sosiolog. Ho jobbar som førsteamanuensis i sosiologi ved Institutt for medie- og samfunnsfag ved Universitetet i Stavanger. Forskingsfelta hennar er innanfor kunst- og kultursosiologi. Jonvik har saman med Eivind Røssaak, Hanne Hammer Stien og Arnhild Sunnanå gitt ut boka Kunst som deling, delingens kunst (Fagbokforlaget, 2020). Boka omhandlar samtidskunstfeltet i Noreg etter 2010. Gjennom eit utval kunstnariske og kuratoriske praksisar, samt kunstnariske formidlingsarbeid, vert nye samarbeidsformer, kunstnariske delingsformer, kunstnarrollar og bruk av ny teknologi i kunstsamanheng analysert.