STØVKRYSTALLER
Bente Geving, Viktor Micka, Laila Kongevold, Marie Sjøvold, Christine Hansen
diverse teknikkar
Kurator Christine Hansen
Med utgangspunkt i eigne erfaringar undersøkjer kunstnarane tematikk knyta til Alzheimer og demens. Støvkrystaller er ein av dei første kunstutstillingane i Norge som tek opp dette viktige temaet. Demens er framleis tabuisert. Kjenneteikn med sjukdomen er tap av hukommelse, vanskar med å gjennomføre daglege gjeremål og at dei relasjonelle banda til vener og familie tæres bort. Utstillinga har ei visuell tilnærming til problematikken og spelar på fotomediets nærleik til minne og fortid. Som individ hugsar me berre brotstykke av livet. Når me byrjar å gløyme blir minna endå meir oppstykka. Det er som om hukommelsen krystalliserer seg og kvart minne blir omslutta av ein større avstand. Fotografiet har òg blitt ein del av røynda og utstillinga syner på mange måtar fragment frå hukommelsen til kunstnaren. Utstillinga undersøkjer korleis me kan kommunisere, og minnes, familiemedlemmar som framleis er i live, men som har fått sine liv heilt endra.