GEIR EGIL BERGJORD
SVINGDØR, VITRINESKÅP OG VASSFLATER
fotografi og video
Utstilling i Bryne kunstforening og Hå gamle prestegard, samt kunstprosjekt langs fylkesveg 44.
Opning Bryne kunstforening 19. mars kl. 12.00 og Hå gamle prestegard kl 14.00.
Denne våren kan du oppleva utstillingar med Geir Egil Bergjord i Bryne Kunstforening og på Hå gamle prestegard samstundes. Bergjord vender blikket mot nærmiljøet og har laga utstillingar med tanke på dei ulike visningsromma.
Ved å fokusere på detaljar som for dei fleste går hus forbi, har Bergjord skapt fleire nye arbeid. Han har gitt dei detaljrike og komplekse biletflatene nøkterne titlar som ikkje gir anna informasjon enn kva han i utgangspunktet har fotografert: Vitrineskåp i biologisalen, Eit utval vassflater og Svingdør på Sandnes 1-5. Fokus på reflektive flater går igjen, men det er først og fremst den bevisste bruken av romma som bind dei to utstillingane saman. Val av motiv, teknikk, format og montering er her gjort med tanke på å utnytte lys og rom på kvar stad.
I Bryne kunstforening har Bergjord tapetsert fotografia på kvar sin skiljevegg i utstillingslokalet slik at veggene vert til bilete som heng frå taket. I utstillingslokalet på Hå gamle prestegard er fotografia montert både vertikalt og horisontalt og flyttar slik grensene for kva som er opp og kva som er ned. På løa syner Bergjord fleire videoarbeid, mellom anna Utsnitt frå møllefossen på Bryne; ein video med to store speglar plassert framfor som dannar eit «live size» kaleidoskop. På avstand ser betraktaren projeksjonen av av fossen. På nært hald oppstår flyktige formasjonar i spegelflatene. Installasjonen understreker Bergjords strategi som fotograf; betraktaren sitt utgangspunkt er avgjerande for korleis ting ser ut.
Langs vegen frå den eine utstillinga til den andre, møter publikum delprosjekta Offpiste og Kerrs Pink. Desse prosjekta kommenterer det jærske fenomenet med å bruke kjelvene langs riksvegen som oppslagstavler.
Begge utstillingane opnar 19. mars. På opningsdagen vil det bli satt opp maxitaxi mellom Bryne kunstforening (opning kl 12.00) og Hå gamle prestegard (opning kl 14.00). Utstillingane blir opna av kunsthistorikar og kunstkritikar Erling Moestue Bugge. Dokumentasjon frå dei to utstillingane, samt prosjektet langs vegen, vil bli samla i ein felles katalog med tekst av Øivind Storm Bjerke, professor i kunsthistorie ved Universitetet i Oslo.
Prosjektet er støtta av Kulturrådet, Billedkunstnernes vederlagsfond. Delprosjektet langs fylkesveg 44 er støtta av Rogaland fylkeskommune og blir gjennomført i dialog med Statens vegvesen og grunneigar.
Geir Egil Bergjord bur og arbeider i Stavanger. Arbeida hans tek ofte utgangspunkt i forholdet mellom det heimlege og offentlege. Bergjord er kjøpt inn av Stavanger kunstmuseum, Norsk kulturråd og Bergen Billedgalleri (nå ein del av KODE – Kunstmuseene i Bergen). Bergjord har stilt ut på ei rekkje gruppe- og separatutstillingar både nasjonalt og internasjonalt og gitt ut fleire fotobøker.