Program:
kl. 13 – 13.45 Hå gamle prestegard
Omvising i utstillinga IKON med kurator Marat Guelman og kunstnarane Olga Tobreluts og Oleg Kulik.
kl. 13.45 – 14.45
Russisk lunsj i kafeen på Hå gamle prestegard
Kl. 15.00 – 17.30 Seminar på Obrestad fyr
Kl. 15.00 – 15.10 Velkomen med ordstyrar Tom Hetland
Kl. 15.10 – 15.30 CONTEMPORARY ICONS? CHRISTIAN ART IN THE 21st CENTURY
Foredrag med professor Aaron Rosen fra King’s College i London.
Aaron Rosen er ein profilert professor som er utdanna ved Cambridge University. For tida underviser han i religiøse tradisjonar og kunst ved King’s Collage i London. Han har tidlegare undervist ved Yale, Oxford og Columbia University. Han har utgitt ei rekkje fagbøker, artiklar og publikasjonar.
Foredraget denne ettermiddagen på Obrestad fyr tek utgangspunt i boka ART AND RELIGION IN THE 21st CENTURY som kom ut Thames & Hudson forlag i 2015.
Kl. 16.00 – 17.30 KUNSTNARAR – RELIGION – DAGENS RUSSLAND
Journalist og politisk kommentator i Stavanger Aftenblad, Tom Hetland i samtale kurator Marat Guelman og ei to kunstnarane Olga Tobreluts og Oleg Kulik som er representert i utstillinga IKON
Hå gamle prestegard inviterte kurator, gallerist og samfunnsdebattant Marat Guelman til å lage ei utstilling på prestegarden med russiske kunstnarar som nyttar religion i sin kunstpraksis for å setje fokus på kunstarar sine kår i Russland i dag. Guelman har sjølv opplev å bli avsett som direktør for eit kunstmuseum grunna utstillingar med tema som provoserte lokale myndigheiter. Dei seinare åra har fleire russiske kunstnarar flytta til utlandet. Også kurator Guelman har busett seg i eit anna land grunna den vanskelege arbeidssituasjonen i Russland.
Pris: kr 300. Kunstnarar og studentar kr 150. Prisen inkluderer omvising, utstilling og forfriskingar på Obrestad fyr. Fellestaxi tur/retur Nærbø stasjon inkudert.
Russisk lunsj kr 180 pr. peron.
Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller 51791660
Begrensa med plass, så ver snar med påmelding.
Gje beskjed ved påmelding om du ysnkjer fellestaxi frå Nærbø stasjon kl. 12.45 med retur frå Obrestad fyr kl. 17.15.