Velkommen til utstilling med Stavangerkunstnaren Snøfrid Hunsbedt Eiene!
Utstillinga står til 13.november.
Ope: Laurdagar kl 12.00 – 16.00, sundagar kl 13.00 – 17.00 Bryne mølle, 3. etasje.
Gratis inngang for medlemmer.
Snøfrid Hunsbedt Eiene (f. 1942) har si kunstutdanning frå Kunstskolen i Rogaland (1987-1989), Vestlandets Kunstakademi (VKA) i Bergen (1991-1995) og ho har undervist og vore gjesteforelesar på kunstskulen i Rogaland. Ho har hatt ei rekke separatutstillingar i regionen og delteke på gruppeutstillingar i Noreg og vore jevnleg representert på kollektive utstillingar som Høstutstillingen, Sørlandsutstillingen og Vestlandsutstillingen. Ho har hatt mange utsmykningsoppdrag, vore konsulent for utsmykningar, og ho har motteke ei rekke stipend. Ho er innkjøpt av Norsk Kulturråd, Stavanger Kunstmuseum, Sogn og fjordane kunstmuseum og Vestlandske kunstindustrimuseum. Eiene er mest kjent for sine detaljerte teikningar og subtile maleri. Teikningane er ofte figurative og detaljrike. I denne utstillinga vil du sjå møysommeleg laga teikningar. I serien «Folder:Roser” tar Eiene utgangspunkt i plastroser som du kan finna forlatt i vindaugekarmen. Dette er ei naturleg forsetting av et teikneprosjekt som Eiene har haldt på med i årevis. I “Broderi:Folder”-serien er rosemotiv frå broderte dukar som er folda saman teikna. Roser er et arketypisk symbol knytta opp til forteljingar, folkeliv og kunstneriske uttrykk. Denne gongen har kunstnaren henta rosene i sin eigen hage og fulgt dei frå knoppstadiet til de ligg på bakken i ferd med å visne, samtidig som det kjem nye knoppar som overtek.