Bryne kunstforening vil laurdag 11.mars under livsgledefestivalen ha ei omvising med kurator Karin Sunderø i utstillinga til Jan Terje Rafdal.
Rafdal viser ein serie av bilete som består av ei rekke landskapsmotiv frå Midtre Etnefjell utført i akryl, kullteikning samt grafikk utført i mezzotint.
Kunstnaren frå Etne har ein bachelor frå Bath Spa University og er blant anna representert i Haugesund Billedgalleri, hos Barclay Bank i England, i et skulpturprosjekt i Vindafjord og på statsministerens kontor.
Bilete: Frå Djupaheiane mot Kviturene av Jan Terje Rafdal