”N o o s b o l” av Njål Lunde
Laurdag 28. 10. 17 kl. 12.00 opnar Bryne kunstforening utstillinga ”Noosbol” av Njål Lunde.
Utstillingstittelen «Noosbol» er ei omskriving av omgrepet «Noosfære». «Noosfære» er eit omgrep blant anna nytta av den franske teologen og naturfilosofen Pierre Teilhard de Chardin (1881-1955). Til forskjell frå dei sfærane som har sitt opphav i naturen som; atmosfæren, biosfæren, hydrosfæren og litosfæren, kaller Chardin «noosfæren» som «sfæren av den menneskelege tanke» – det tredje trinn i jorda si utvikling, etter geosfæren og biosfæren.
Njål Lunde ser på «Noosbolet» (Bol: tilhaldsstad for dyr og insekt f.eks. ormebol, vepsebol. -wikipedia) som det dystopiske motstykket til «Noosfæren». Der Noosfæren er tanken om ei høgare form for medvit, som vil føra mennesket til nye tilstandar av fred og samhandling, leder Noosbolet tankane mot omgrep som «Hive mind», «gruppetenking», territorialitet og ekskludering. I utstillinga vil det blant anna bli vist svipenn på finér.
Njål Lunde er utdanna ved Bergen kunstskole (1995-1997) og ved Kunstakademiet i Oslo (1997-2001). Han har hatt separatutstillingar i Haugesund Kunstforening (2007), Hå gamle prestegard (2009/2010), Galleri Henrik Gerner, Moss (2013), Ålesund Kunstforening (2013) m.m. Han har hatt fleire omfattande utsmykkingsoppdrag blant anna i Sandnes, Stavanger, Randaberg, Drammen og Oslo. Lunde er kjøpt inn av Haugesund Billedgalleri og Hå kommune. For meir informasjon om Njål Lunde: www.njallunde.com
Utstillinga i Bryne kunstforening er første stopp av vandreutstillinga til Rogaland Fylkeskustlag, i samarbeid med Norske Kunstforeninger og Rogaland Fylkeskommune. Utstillinga står til 19.november. Ope laurdager kl 12-16 / sundager kl 13-17.