I samband med utstillinga blir det gitt ut ein publikasjon som samlar informasjon frå prosjektet for å gje fleire perspektiv på problemstillingane. Tekstar av Geir Haraldseth, Øyvind Gjerde, Helge Bergslien, Karolin Tampere, Ande Somby, Ingerid S. Straume og Tove Kommedal. Boka kan kjøpast i resepsjonen på Hå gamle prestegard eller kan bestillast via kultur@ha.kommune.no.
Om utstillinga:
For nokre år sidan vart Hå kommune sitt initiativ om skotpremie på kråker eit diskusjonstema. Bakgrunnen for tiltaket var å regulere kråkebestanden og eit forsøk på å redde den utryddingstrua vipa. Då kunstnaren Tove Kommedal høyrte om prosjektet og at kråkekroppen ikkje vart nytta etter at fuglen var skoten, spurte ho seg sjølv om det ikkje var noko ein kunne nytta kråka til. Resultatet har blitt kunstprosjektet dEFINISJONSMAKT /OG som undersøkjer kråka som matressurs, som mytisk symbol og som del av økologisk mangfald. Kunstnaren meiner at det er problematisk at dyr og fuglar blir skutt og forkasta utan å undersøkje om dyret har ein form for verdi. Kunstnaren skriv dette om prosjektet: