Brit Bøhme, Anne Knutsdatter Wille og Grethe Unstad er biledkunstnarar med base i Bergen. Utstillinga Respectare er eit samarbeidsprosjekt kor kunstnarane tek utgangspunkt i det nære og korleis kvardagsmiljøet virkar inn på visuelle val og uttrykk. Uttrykksformen spenner frå det figurative til det abstrakte, frå små intime format til store romlege arbeid.
Kunstnarane seier sjølv:
Ved å fokusera på sansing og opplevingar i det kunstneriske arbeidet ønsker me å få det trivielle til å verta det spesielle. I sum kan dette seiast å handla om respekt, det å vera til stades i sitt eige liv, i eigne miljø. (“Respekt” fra latin “respectare” – å sjå om igjen/å sjå på nytt.)
Me samarbeider gjennom workshops og har ein open og dynamisk prosess, kor fargar og energi er viktige faktorar i prosjektet.
Kunstnarane har samarbeidd sidan 2015, og hatt utstillinger på Svalbard, Sandnes, Bergen, Risør og nå Bryne Kunstforening.
Opning: laurdag 7. mars kl 12:00. Føredrag «Hvorfor er kunst viktig» av Natasja Askelund opningsdagen kl 13:00.
Utstillinga står til 5.april 2020
Ope: Laurdagar kl 12-16 / Sundagar kl. 13 -17
Grethe Unstad – www.gretheunstad.com
Anne Knutsdatter Wille – www.anneknutsdatter.no
Brit Bøhme – www.bbohme.com