Eli Glader
LOCI: TÅRNET, SIKADENE OG MUSEET
videoinstallasjon
I Stallen viser Eli Glader videoverket LOCI: TÅRNET, SIKADENE OG MUSEET.
I 2015 synte Eli Glader videoverket KVINNENE I QALA på Hå gamle prestegard. Her vart ei gruppe kvinner frå Aserbajdsjan portrettert saman med ei kvinne frå Hå. Då var var temaet menneskemøter.
I 2017 blei det fleirårige prosjektet Begynnelser IV – en fortsettelse satt opp i prestegardshagen. Drivhuset med 30 keramiske former stod som ein levande installasjon blant mose og valmuer fram til drivhuset vart fjerna og formene nedgravne på staden sommaren 2021.
No presenterer Eli Glader eit heilt nytt prosjekt beståande av tre filmar. Kunstnaren har gjort opptak i Eiffeltårnet og Musee du Quai Branly i Paris og Borgheseparken i Roma. Filmane stiller spørsmål kring kunsten, stadene, tinga og menneska med bakgrunn i tekstar av mellom andre Roland Barthes og Platon.
Eli Glader (f. 1953) har kunstfagleg og kunstteoretisk utdanning frå Statens handverk- og kunstindustriskole, Oslo og Universitetet i Bergen. Glader har hatt fleire separatutstillingar i inn- og utland, mellom anna ved Baku Contemporary Art Center, Aserbajdsjan, Stavanger Kunstforening, TOU Scene, Sølvberget galleri, Interkulturelt Museum / Oslo Museum og Hå gamle prestegard. Ho har delteke på fleire gruppeutstillingar, som Norske kunsthåndverkeres årsutstilling og 6th International Biennial of Contemporary Art, Baku og Antrepo, Istanbul. Glader har hatt ei rekkje utsmykkingsoppdrag både offentleg og privat, til dømes for Sandnes kommune, Sola lufthavn, Høyskolen Stord/Haugesund og Ydalir Campushotell, UiS. Glader er innkjøpt av Norsk kulturråd, Vestfold og Rogaland fylkeskommune, Sandnes og Stavanger kommune.