Som ein del av det pågåande kunstprosjektet på Velferden i sommar har vi invitert forskar Merete Jonvik til å komma til Sokndal for å halda eit foredrag for oss.
Kunst for meg?
Merete Jonvik er sosiolog og forskar på folks opplevingar av kunst og kultur, og kjem til Velferden for å snakka om ulike måtar å ta til seg kunst på.
Jonvik er interessert i kva slags fellesmenneskelege forhold kunsten kan ta utgangspunkt i og stiller hovudsakeleg to spørsmål: Kva gjer kunst og kan kunsten vera eit ope tanke- og opplevingsrom?
Jonvik vaks opp i Odda og kjem òg til å fortelja litt om stadidentitet og om samfunnsmessige parallellar som eventuelt finst mellom Sokndal og Odda/Tyssedal.
Foredraget er ope for alle.
Det vert servert kaffe og noko å bita i.