Karen Erland
Å SPEGLA EIT MINNE
skulptur / objekt / relieff / installasjon
Opning 21. januar kl. 14 ved Ingrid Z. Aanestad, forfattar.
Me er glade for igjen å kunne invitere til utstilling med Karen Erland. Sist gong Erland hadde separatutstilling på Hå gamle prestegard var i 2009.
Karen Erland arbeider med minner.
Ei lita jente sine opplevingar blir sett og tolka gjennom augo til ei eldre kvinne.
Utgangspunkt til utstillinga Å SPEGLA EIT MINNE er klede og brev. Gjenstandar Karen Erland har eit spesielt forhold til vert omdanna til eit kunstnarisk uttrykk i porselen og steingodsleire. Ho omformar minna, kapslar inne, brenn bort og modellerer.
Ho former minna, og minna har forma henne.
Ein serie kalla «Amerikabrev» er gjenskapt i porselen, konvolutten er brent bort, nå er den bevart og framkalla i eit anna material, ein kan berre ana brevet som låg inni. Avsendaren er død, Karen har samla på breva i 70 år. Nå får dei ny form med nytt innhald.
«I kjellaren» er ein installasjon av krukker og gamle skråtte-saftposar. Posane som før var fylt med bær, vert i utstillinga fylt med anna innhald.Kjellaren frå barndommen kan hugsast mørk og kald og skummel. Om kvelden kunne forma på posane som heng frå taket vera kva som helst, på dagtid endra alt seg.
Karen sine minne er ein samtale ho held med seg sjølv, andre kan kjenna seg att, spegla eigne minner.
Karen Erland (f. 1946) bur og arbeider på Bryne. I tillegg til separatutstilling på Hå gamle prestegard har ho blant anna stilt ut i Sandnes kunstforening, Bryne kunstforening og Skur 2, Stavanger. Ho deltok på Norsk kunsthåndverk i 1992 og 1993, og er innkjøpt av Norsk kulturråd, Haaland AS, Time kommune og Bryne kunstforening. Saman med Jens Erland har ho motteke Rogaland fylkes kulturpris og Stavanger Aftenblads kulturpris.
Søndag 5. februar kl. 13.30
MØT KUNSTNAREN
Karen Erland fortel om utstillinga Å SPEGLA EIT MINNE og arbeidet med utstillinga. Vanleg inngangsbillett.
15. februar kl. 18 – 20
OM KUNSTEN OG DØDEN
KL. 19 Foredrag av Kjetil Røed, redaktør i bladet Billedkunst, med utgangspunkt i boka Om kunsten og døden relatert til utstillinga Å SPEGLA EIT MINNE. Frå Kl. 18 vil Karen Erland fortelja og visa rundt i utstillinga. Påmelding, kr 150.-