Vi, bildekunstnar Agnes Btffn (fransk) og forfattar Anne Karin Torheim (norsk) presenterer vår tverrkunstnariske installasjon
Prosjektet er del av KAPITTEL 17 og samtidig «off» institusjon
Vi inviterer til
Avdukingsseremoni onsdag 20. sept. Kl. 17.00
Alle som kjem og går
lagar lydar
med føtene sine
Halv eller dobbel, seier hjorten
og spring langs ein grøn måne
Halv eller dobbel, seier statsministeren
og ropar ulv
Installasjonen er sett saman av måleri, figurar, video og tekst. Om ikkje desse elementa går bokstavleg talt hand i hand, så har dei ein dialog seg i mellom, vel å merke i samspel med omgivnadane. Og dei nære omgivnadene her er altså Fiskepirterminalen rett på hamna i Stavanger. Denne flotte ventehallen med sikt både ut og inn der «folk og fe» stadig kjem og går, blei teikna av Brandsberg-Dahls Arkitekter og oppført i 2000. Og no i 2017 frå den 20. til 24. september er du velkommen hit til installasjonen LANDSKAPogFIGURAR i revirets tid, og ikkje minst til vår eineståande avdukingsseremoni onsdag 20.09. kl.17.00!