Per Odd Aarrestad syner teikning i stallen på Hå gamle prestegard. Med utsikt til jærnaturen har han skildra med blyant nokre av følgjene av dei endringane me ser i naturen i dag.
NATUR I ENDRING
Naturen har endra seg mykje det siste århundret. Dette skuldast mellom anna fysiske naturinngrep, og endringar i arealbruk knytta til jordbruks- og skogbruksaktivitetar.
Arealendringar er den viktigaste negative påverknadsfaktoren for truga artar, både i Noreg og globalt (1). Døme på arealendringar kan vere utbygging av infrastruktur, bustadfelt og kraftindustri, grøfting av myr og nydyrking.
Opphøyr av tradisjonelt kulturlandskap trugar mange artar. Talet på aktive gardsbruk har dei siste 40 åra sunke frå om lag 125 000 til 38 000 (2).
Klimaendringar trugar fleire artar enn nokon gong (3). Dette gjeld særleg artar knytta til økosystem på fjellet.
I Tyskland viste ei studie at det har vore 78% nedgang i mengda insekt på 10 år (4). I Noreg har bestanden av viper blitt redusert med 96% i perioden 2007-2019 (5).
Måten me bruker landskapet er avgjerande for artane som lever der.
Etter samtale mellom Per Odd Aarrestad og
Kaj-Andreas Hanevik, M.Sc.naturforvalting, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet.
Per Odd Aarrestad (f. 1940) arbeider både med grafikk, teikning, maleri og skulptur. Materialet i dei større utsmykkingsarbeida kan vera både glas, vatn, tre, metall, stein eller betong. Han står bak ei rekkje offentlege utsmykkingar. Mange er i kyrkjer. Formspråket varierer mellom det abstrakte, abstraherte, og det figurnære uttrykket. Han har hatt ei mange separatutstillingar og delteke på fleire gruppeutstillingar, mellom anna: Vestlandsutstillingen, Statens kunstutstilling (Høstutstillingen) og på utstillinga AVTRYKK – grafikk mellom kinesisk blokktrykk og dataprint på Hå gamle prestegard i 2018. Aarrestad er kjøpt inn til fleire samlingar, mellom anna Haugesund Billedgalleri, Oslo kommunes kunstsamlinger, Norsk kulturråd og Stavanger kunstmuseum.