Israelske Leni D. Dothan er kunstnar og arkitekt, bosatt i London. Ho har studert korleis den vakre rennessansekunsten framstillar og sementerer eit kvinnesyn i måten kvinna blir framstilt på i forhold til barnet, til mannen og til samfunnet. Gjennom video, foto og installasjon testar ho ut tankemønster, sosiale konvensjoner, religion og politiske strukturar.
Utstillinga opnar laurdag 7. oktober kl. 14.00.
Opning ved Karoline Kjesrud, Universitetet i Oslo.