Den årlege sommarutstillinga på Obrestad fyr opnar laurdag den 6. mai kl. 14. Utstillinga i år visar 43 sandstøypte arbeid i steingodsleire av kunstnaren Livio Viggo Lilli.
Livio Viggo Lilli sin kunstproduksjon består både av brukskunst, konseptkunst og reine formale objekt, men alltid i leire. Han har si kunstutdanning frå Høgskolen i Akershus, Det nasjonale senter for keramikk (Le Cnifop) i Frankrike og frå samarbeid med franske keramikarar som Christine Viennet og Charlotte Poulsen. Han har hatt eigen keramikkverkstad i Bergen frå 1999.
Opning av utstillinga er ved marinarkeolog Endre Elvestad.
Sommarlege gla’jazztonar med Rickie di Jazz Group, med Richard Ditlefsen og Stig Normann.
Forfriskningar.
Velkomen.