Vestlandsutstillingen ønsker velkommen til performancen Moon av Kurt Johannessen. Performancen vil foregå i et privat hjem i Mor Åses vei 43 i Stavanger. Den varer i 2 timer og folk kan komme og gå som de ønsker.
Om det å eiga og det å vitja
Det å eiga fungerer berre i samband med konstruert tid.
Det å eiga er knytt til konstruert tid.
Det å eiga er med det i røynda som ein konstruksjon.
Det å vitja er knytt til ein si verkelege notid.
Det å vitja er med det i røynda.
Det å vitja er ein sin tilstand i røynda.
Kurt Johannessen (f.1960) arbeider med performance, bøker, video og installasjon. Han har produsert om lag 260 ulike performancar med visningar i Europa, Asia og Amerika sidan tidleg på 80-talet. Hans performancar har ofte eit poetisk og minimalistisk formspråk. Han har hatt utstillingar ei rekkje stader i Noreg, blant anna Bergen Kunstmuseum og Kunstnernes Hus (2007). Han gir ut artists books på eige forlag. Mange av hans bøker er tekstrelatert, men nokre er laga med utgangspunkt i teikningar eller foto. Tekstarbeida er ofte fortellingar på ein setning. Dei er visuelle, poetiske, og til tider humoristiske. Han har så langt laga 85 bøker. Nokre av bøkene er innkjøpt av Norsk Kulturråds innkjøpsordning og mange av bøkene er oversett til engelsk. Sjå www.zeth.no for meir info.