Ă
retta merksemda mot form
BĂ„de opplysningsarbeid, vitskaplege erkjenningar og kunstnarisk produksjon mĂ„ formidlast gjennom form. Alle bodskapar har ei form. Form er ikkje utan tyding for Ă„ forstĂ„ bodskapar. Astrid Helen Windingstad skriv om seminaret som vart halde i samband med den sĂ„kalla avdukinga av Ă
flytte et punktum, at seminaret â gjennom sine ulike bidrag som foredrag, performance og debatt â tydeleggjorde nettopp kor mykje form har Ă„ seia for vĂ„r oppfatning av det som blir formidla.
Kva er Bugge Vatne si form? Kva var Ottesen-Jensen si form?
Bugge Vatne fortel under det same seminaret at ho i sin kunstnariske praksis gjerne jobbar erfaringsbasert, at ho byrjar med form, med naturlege materialar, og forsĂžker Ă„ utsetja refleksjonen til seinare ut i skapingsprosessen. Gjera fĂžrst, tenkja etterpĂ„. Ho jobbar ut frĂ„ at det kroppslege eller naturens krefter i ho sjĂžlv skal verka i og for seg sjĂžlv â og at refleksjon og konseptualisering kan koma etterpĂ„. Ho jobbar intuitivt, ut frĂ„ eigne sansingar og erfaringar med materie. Ho er vidare interessert i skiljet mellom det naturskapte og det menneskeskapte. Kritikar Maria KjĂŠr Themsen lĂžftar under seminaret fram at nettopp denne relasjonen kjem tydeleg til uttrykk i verket som er plassert utanfor Elise Ottesen-Jensens hus. Rullesteinane, som er attkjennelege jĂŠrske sĂŠrtrekk, har fĂ„tt halda pĂ„ sin naturlege form. Spora i steinane er naturlege, det er spor av istid og naturen sine rĂžrsler i dei. Ansatsane dei stĂ„r pĂ„ er menneskebearbeida stein, desse steinane er slipt og lakkert, og bestĂ„r av rette kantar og linjer. Verket inneheld slik ei materiell og poetisk konstatering av at i relasjonen mellom natur og menneske, er det naturen som set punktum, som kjem til Ă„ setja punktum, for vĂ„re utfaldingar. SĂ„ er vĂ„r oppgĂ„ve Ă„ erkjenna dette fĂžr det er for seint.
Gro Harlem Brundtland â lege, tidlegare statsminister og til liks med Ottesen-Jensen sĂŠrs oppteken av kvinners reproduktive helse â skriv i ei bok om Ottesen-Jensen at hennar kjennemerke var ei form for folkeopplysing som baserte sin bodskap pĂ„ godt dokumentert vitskap.Og at ho var ein meister i Ă„ formidla bodskapane ho ville ha fram pĂ„ mĂ„tar som vart forstĂ„tt og etterlevd.Vi lev i ei samtid som skyv pĂ„ grensene mellom fakta og oppspinn, sanning og rĂžyndomsbrest, sĂ„ understrekinga av behovet for forstĂ„elege bodskapar fundert i dokumentert vitskap og fakta er verd ei presisering. Verd sitt eige punktum.
Tankane eg presenterer i denne teksten spring ut av erfaringar eg har med Ă„ passera rullesteinane, ta til meg forma deira, undra meg over kvifor nettopp stein er materien som er brukt og Ă„ tenkja over kva motivbakgrunn kunstnaren har jobba ut frĂ„. Ei sanseleg erfaring av den materielle verda som omringer meg starta tankeprosessen og bidrog til Ă„ leia merksemda mot tema som kunnskapsproduksjon, kritikk og meiningsbryting. Mot kva som skapar erkjenningar og rĂžrsle i det vitskaplege feltet og i opplysningsarbeid. Den konkrete forma til Ă
flytte et punktum og dei abstrakte koplingane som bur i verket sette i gong eit samspel av refleksjonar og erkjenningar.
Slik kan understrekingar av behovet for vitskapleg funderte argument og opplysing, leva side om side med understrekingar av at sanseleg-materielle sider ved tilvÊret er ei viktig kime til erfaring, forstÄing og tankeverksemd.