Sea of Oil
Kunstnar Laura Napier sitt bidrag til konferansen var eit performativt foredrag om to konkrete reklameobjekt som pÄ ulike mÄtar er knytt til oljenÊringa, i ei foredragsserie kalla Sea of Oil. Dei to objekta var ein USB-minnepinne og eit kaffekrus, begge reklamemateriell frÄ olje- og gassindustrien, i dette tilfellet henta frÄ ein amerikansk kontekst. Den konkrete USB-pinnen er eit svart, kvitt og raudt plastobjekt, med storleik mindre enn ein finger, forma som ein bÄt. Den er produsert av og har pÄfÞrt logoen til firmaet Diamond Offshore. Dei leier ut djupvatnboreskip til oljeutvinningsfirma. USB-pinnen kan lagra og transportera digitale filer pÄ opptil 4GB.
Det konkrete kaffikruset er raudt, grÞnt og svart, laga av keramikk og pÄtrykka logoen frÄ olje og gassfirmaet ExxonMobil. Det er eit blant fleire produkt firma gjerne har som del av si salsfremjande kommunikasjonspakke, som dei gir i gÄver til tilsette eller samarbeidspartar. Objektet er like fullt eit krus ein kan drikka kaffi eller andre drykkar frÄ.
Lapier fortel i foredraget om dei to objekta pÄ ein mÄte som sporar og festar dei insisterande til verda. Ho skildrar utsjÄnad (farge, form, font, overflate) og gÄr gjennom kva bestanddelar dei er laga av (og kva desse bestanddelane igjen er laga av). Ho kjem innom korleis objekta kom i hennar eige, deira tekniske spesifikasjonar og ho sporar og spekulerer kring objekta sine produksjonsteknikkar og produksjonshistorie. Vidare kva produsentar og firma som har vore involvert i deira tilbliingar, i tillegg til arbeidsforhold det er sannsynleg at kjenneteiknar produsentane, gitt kva informasjon som er mogleg Ä finna om dei. Avslutningsvis fortel ho om objekta sine bruksomrÄde og spekulerer i kva sannsynleg etterliv dei vil fÄ.
Det er store forskjellar mellom den meir eller mindre umiddelbare opplevinga Napier har av dei to objekta, USB-pinnen til dĂžmes som ho intuitivt opplever som sĂžt og nyttig, og kva som kjem til overflata nĂ„r ho sĂ„ Ă„ seia gjenopplivar objekta, ser dei pĂ„ ny, sporar dets komponentar og set komponentane i spotlyset. Mellom anna finn ho at det er sannsynleg at USB-pinnen er laga av PVC, og deretter tillagt fargepigment. PVC som sjĂžlv er laga av ethylene. PVC har i det seinare vorte forbode i barneleiker og kosmetikk i USA og fleire land i Europa, pĂ„ grunn av tilsetjingsstoff som gjerne er brukt i plasten for Ă„ gjera den mjukare, og som kan vera skadeleg om den lekk ut (sjĂžlv om det ĂČg er usemje kring kva skade stoffet kan gjera).
Napier sporar to leverandĂžrar av elektroniske komponentar som truleg har bidrege til at USB-pinnen har fĂ„tt liv, lokalisert i Taiwan og Kina, og ho finn at det er sannsynleg at minikomponentane i den elektroniske delen av objektet er sett saman ved hjelp av anten minibambuspinnar eller presisjonsmaskiner styrt av menneske. Ho spekulerer i sannsynet for at slaveriliknande arbeidsforhold har bidratt til minnepinnen sitt liv, ettersom vi veit at tvungent arbeid og dĂ„rlege arbeidsvilkĂ„r ofte er del av dei tidlege produksjonsledda i elektroniske forsyningskjeder. Napier opplyser ĂČg om at Diamond Offshore har kontor ei rekkje stader i verda, deriblant i Houston, Texas, og at den amerikanske delen av selskapet erklĂŠrte seg konkurs vĂ„ren 2020 pĂ„ grunn av Ăžkonomiske verknadar av Covid-19 pandemien, etter at selskapet hadde motteke krisepakkepengar frĂ„ myndigheitene, krisepakkepengar som vart nytta til Ă„ gi utbyte til eit fĂ„tal leiarar snarare enn Ă„ betala kreditorar eller fĂ„ oppsagte tilsette tilbake i arbeid.
Eg kan ikkje ettergÄ all informasjonen Napier sporar opp, og har heller ikkje heldt objekta ho omtalar i eiga hand eller sansa dei for eigen maskin. Poenget her er likevel Ä synleggjera korleis Napier i foredraget sitt kallar materie til liv. Opplivar materialiteten. Omtalar og gjev status til bestanddelar som utgjer objektet. Tek bestanddelane frÄ kvarandre fÞr ho set dei saman att. Slik lÞftar ho fram det som pÄ mange vis ligg skjult i objekta sine vesen. Som eigentleg er del av deira vesentlegheit, men som ligg skjult med mindre nokon insisterer pÄ oppliving. Eller om det materielle sjÞlv insisterer pÄ si eiga synleggjering.
FramlĂžftinga av bestanddelar og komponentar i det materielle kan i alle hĂžve fungera til Ă„ synleggjera at mange av komponentane i materiala som omgir oss, er skapt etter mĂ„l som er ulĂžyseleg knytt til den menneskelege vilje og ideologi, til korleis vi menneske har bygd strukturane rundt oss â kraftig sentrert rundt jakta pĂ„ profitt.
Materialitet i antropocen
I bĂ„de foredraget Sea of Oil og filmen Oilers er materialar og materialitet i fokus. Begge synleggjer materialiteten i antropocen, altsĂ„ den menneskelege tidsalder der menneskeleg agens og maktposisjon er tydeleg og styrande, og ikkje minst set uslettelege spor. Oilers synleggjer arbeid og arbeidets komponentar, og handlar om materialiteten ved oljenĂŠringa som produksjonsform og fenomen. Sea of Oil dechiffrerer og gjer oss bevisste pĂ„ komponentane som utgjer dei materielle objekta som omgir oss, i dette tilfelle prosaiske promoteringsobjekt frĂ„ olje- og gassindustrien. Begge «pakkar ut» strukturane som ligg bak det at objekt er objekt og arbeid er arbeid â at ein plattform er, eller blir, ein plattform, og at ein minnepinne er, eller blir, ein minnepinne. Begge lĂžftar fram noko som ligg skjult.
Slik freistar dei Ä utvida vÄre fÞrestillingar om det materielle.
PÄ eit vis vert dette forsÞk pÄ Ä sjÄ ordinÊre objekt som kunst, sÊrleg Napier si foredragsserie kan tolkast i denne retninga. Det som gjer noko til kunst er at nokon relevante personar insisterer pÄ at det er kunst. Men frÄ dette melder det seg raskt eit nytt spÞrsmÄl, ikkje i denne omgang kva kunst er (som er eit evigvarande diskusjonsspor i kunstfeltet og i verda), men snarare kva ordinÊre objekt er? Er objekt vi ser som tatt-for-gitte, tilforlatelege, som hjelparar i vÄre eigne liv, eigentleg ordinÊre objekt? Kva er ordinÊrt ved eit dynetrekk, ei vindeltrapp, ei hÞgspentmast? Unekteleg talet pÄ variantar av dei vi har rundt oss, omgir oss med, ser, og hyppigheita vi ser dei med, bruker dei med. Men er dei likevel uoriginale? Koplinga mellom kunst og sÄkalla ordinÊre objekt gjer det samstundes tydeleg at blant kunstens mange funksjonar, er at den stopper opp og dveler ved noko i verda, hjelp oss Ä zooma mot noko. Underleggjer det tatt-for-gitte. Festar dette noko til foto, til teikning, til skulptur, og meir, slik at vi kan sjÄ det pÄ ny, sansa det det pÄ ny.