Eg har vore i utstillinga fleire gonger, men det var med niesa mi pÄ to og eit halvt Är at det deltakande formeksperimentet kom til sin rett. MÄlgruppa for utstillinga er nettopp barn i barnehagealder. Niesa mi er om lag ein meter hÞg. Ho tek av seg skoa i ringen der det er signalisert at ein skal gjera det, og ho treng ikkje mange sekund etter eg har annonsert at det er lov Ä ta pÄ alt, fÞr ho brukar rommet som sitt. Ho set seg inni ting, grip tak i stokkar, spring, seilar, set saman objekt. Ho fÄr stokkar til Ä rulla, og ikkje minst kommenterer ho kva ho gjer og kva som skjer. «Eg gÄr inn her». «Denne kan ligga der». «Eg rutsjar». «Den flyr!». «Kan du ta ned den?». «1, 2, 3, 4, 5».
Sagt med vaksne ord sÄ er jenta og eg i rÞrsle, og vi avgjer sjÞlv korleis vi vil rÞra oss i utstillinga. Vi sansar gjennom Ä ta pÄ og sjÄ. Vi grip om og pratar om materialitet, om kva objekta er laga av, om dei er harde eller mjuke, utforskar kva lydar dei lagar. Vi er eigenrÄdige ved at vi omplasserer ting, bytter plass pÄ objekt, ulikt kva som er lov i dei fleste kunstutstillingar. ToÄringen heng strikkejakka si opp pÄ veggen sÄ den vert del av utstillinga sitt oppheng. Vi er performative, vi snakkar om kva objekta kan vera, likna pÄ, dei vert del av ei forteljing. Fire rosa pinnar vert ein familie. Familiemedlemmane rutsjar utfor ein formskrent, ein etter ein, og endar av og til pÄ same stad, av og til langt frÄ kvarandre. Niesa mi ordnar det slik at dei landar pÄ same stad, vil at dei skal vera saman, som ein familie. Eg undrar meg over at ho, som sjÞlv er del av ein kjernefamilie pÄ fire som bestÄr av far og mor, ho sjÞlv og ei sÞster, likevel gir pinnane rollane far og mor og sÞster og bror. Vi abstraherer ved at vi lÞftar oss over objekta sine konkrete eigenskapar og sin utsjÄnad, grupperer dei saman og gir dei namn.
Vi brukar kroppane vÄre, Äleine og saman, konkret og sosialt.