Samson
Anna Ihle er i sin kunstnariske praksis opptatt av tema som tidsorganisering og arbeid, protestantisk etikk, kropp, repetisjonar og motivasjon. I kunstprosjektet Samson kvernar ho rundt fenomen som tru og fellesskap, både gjennom å utforska kva objekt som materialiserer tru og fellesskap og gjennom samtalens plass i fellesskap.
Samson består av eit lydverk og ein skulpturserie. Lydverket baserer seg på opptak frå ein samtaleserie, musikksatt av Kirsten Bråten Berg og Jens Borge. Samtaleserien fann stad som gruppesamtalar heldt på forskjellige stader i Stavanger domkyrkje; i krypten, ved alteret, preikestolen, epitafiet (minnetavla) og langbordet. Gruppene, som var forskjellige kvar gong, var sett saman av personar som ikkje kjende kvarandre frå før, med forskjellige interesser, oppheng, aldrar, yrke, bakgrunnar og livssyn. Eg var sjølv deltakar i samtalen som fann stad i krypten, ein stad eg aldri før hadde vore. Samtalane hadde alle ein kort bibeltekst som sitt felles fokuspunkt og dvelte ved ulike koplingar mellom tekst, objekt og rom i domkyrkja. Skulpturserien, utforma i transparent såpe og tre, er på forunderlege vis inspirert og informert av samtalane, og av romma og objekta i domkyrkja. Skulpturane skal visast i kommersielle, sakrale og naturlege omgjevnadar rundt og i Stavanger; på Utstein kloster, Arkaden kjøpesenter, Møbelgalleriet, i hjørnet av eit jorde på Finnøy og ved Sørbø kyrkje på Rennesøy. Første skulptur i serien vert avdekka 24.mai 2025 på Utstein kloster.
Samson er del av kunstprosjektporteføljen til 900-årsjubileet til Stavanger. Øvst på agendaen til jubileet Stavanger2025 er mål om å bygga fellesskap og tilhøyrsle, aktualisera og debattera Stavanger by si historie, og setja spor som varar. Lydverket og skulpturserien til Ihle skriv seg inn i dette. Samtalane gir forskjellige folk moglegheit til å bli kjend med kvarandre, bli kjend med Stavanger si historie, til å dela historier, og bli kjend med domkyrkja i byen, bli kjend med den historiske kunsten i byen, bruka kyrkjerommet, bringa nye perspektiv inn. Ihle vil gjennom prosjektet bidra til å skapa konstruktive ytringsrom, å legga til rette for ansikt-til-ansikt møte mellom menneske, trygge stader der folk kan møtast i mindre grupper og utveksla.
Kunstprosjektet kan på denne måten forståast som ei rad anti-polariserande gester – som eksisterer for seg sjølv, men som òg er del av kunstnaren si utforsking av objekt som materialiserer tru og fellesskap, og av historieforteljing. Polarisering er når motstridande oppfatningar vert vektlagt eller får tyngd. Det motsette av polarisering er når det vert fokusert på det som er mildt, delt, mellom, felles, på det utvekslande heller enn propagandistiske.
Her kjem nokre tankar frå mi deltaking i samtalane i Samson. Som kan legga seg til ein stad i botnen av isfjellet. Tankar som kan eksistera bak, under eller rundt det som blir den materialiserte skulpturserien.