Sansinga av det som viser seg for meg gjer at tankar og kjensler rasar i ulike retningar. Assosiasjonar og likningar spring. Eg ser dottar, prikkar, punkt, som om på kart. Prikkane kan vera diagram eller visualiseringar av alle slags fenomen, konsentrerte forsøk på å kartlegga verda. Punkt som oppsummerer kor noko er, vekstar, overvakingsstasjonar, trær, kraftstasjonar. Sett ovanfrå. Prikkane kan vera visualiseringar av dyr i flokk, av reindrift, rørsle, nomadiske liv. Anten som fredfulle vandringar i sesongvis jakt etter mat eller som tvungne rørsler i samband med utbygging av land. Sett ovanfrå. Dottane kan vera menneske på flukt, visualiseringar av migrasjon, flyttestraumar og folkevandringar sett i gong av krig og konflikt. Sett ovanfrå.
Kan hende kjem dei emosjonelle reaksjonane mine frå at eg opplever det som sårt og skjørt at store, mangfaldige og kompliserte menneskeliv, i visualiseringar og grafiske gjengivingar, kan vera små prikkar. Dottane kan vera enkeltpersonar. Individ åleine og i gruppe. Ein liten prikk, eit lite menneske. Som samtidig er eit alt i seg. Om eg er ein prikk, er alt i og ved meg bak prikken. Erfaringar, oppvekst, ønsker, lyster, problem, begjær, rørsler, relasjonar, familie, kroppslegheit, tankar, kunnskap, oppfordringar, vanar, taleevne. Bak ein prikk som er deg, er dine alt dette.