Ikkje alle er like opptekne av å gå vegen om si eiga subjektive meining når dei skal skildra kunstens verdi. Kritikar Kjetil Røed er ein av dei som er det. Han understrekar fleire stader at eit personleg erfaringsrom bør gis autonomi i møte med kunst og i samtalen om kunst.At eit personleg erfaringsrom gis autonomi tyder at den personlege opplevinga vert gitt plass, får ei eige sjølvstendigheit og vert tillagt verdi. Ei stor vrangførestilling når det gjeld kanon, hevdar Røed, er at den ikkje skal pregast av det subjektive, «som om subjektivitet tærer opp argumentasjon og tenkning».Det å gi eit personleg erfaringsrom autonomi i møtet med kunst, er likevel ikkje einstydande med at det personlege må vera veldig personleg, eller at det personlege erfaringsrommet er einaste stemme og vurderingsmåte for kunstens verdi. Kunsterfaring kan sjåast som ei veksling mellom eit eige rom, der den individuelle erfaringa og opplevinga vert gitt plass, og eit større kunstrom, der den etablerte kunstdiskursen som ei historisk situert kunnskapsform er samtalepart med førstnemnde.
Fordi kvart menneske sitt personlege erfaringsrom er forskjellig, møter vi kunst ulikt. Noko eg veit pregar mine kunstopplevingar er, for det første, at eg ikkje er vekst opp med kunst, og for det andre, at det innebygd i utdanninga mi som samfunnsvitar ligg trening i å retta blikket mot og analysera sosiale prosessar. Difor er kunst som relaterer til det relasjonelle, sosiale, politiske og konseptuelle, stort sett enklare å «gripa» for meg, enklare å relatera til, samanlikna med til dømes abstrakt kunst. Blant mange døme på det førstnemnde er utstillinga Take care of yourself av den franske kunstnaren Sofie Calle, vist på Stavanger Kunstmuseum i 2013. Utstillinga opna raskt opp ei rekkje tankespor og assosiasjonsrom. Utstillinga vart idésatt og utforma etter at Calle vart dumpa av kjærasten. I staden for å bli forbanna eller å sørga i det private, sette Calle i gong eit kunstprosjekt som gjorde hendinga og opplevinga av den til eit kollektivt anleggjande. Ho sendte dumpebrevet ho hadde motteke til 107 kvinner i ulike yrkesgrupper. Dei bidrog alle med synspunkt og tolkingar av brevet og situasjonen. Nokre av desse danna utstillinga. Eg opplevde Take care of yourself som eit konseptuelt verk som ga resonans i eit personleg erfaringsrom. Utstillinga – som bretta seg ut gjennom tekst og bilete, gjennom fleirstemmige tolkingar og tankespor – vart opplevd som generøs i tydinga rik, mangesidig og intuitivt tilgjengeleg.
Dette er bakteppet for min eigentlege grunn for å skriva denne teksten, som handlar både om eigne vanskar med å skildra kunst som ikkje bretter seg ut i sin sosiale kompleksitet, og meir spesifikt om fascinasjon for Margrethe Aanestad si kunstnariske stemme. Til forskjell frå utstillinga Take care of yourself ville eg aldri ha nytta nemninga generøs om Aanestad sine abstrakte og fargesarte verk. Kan hende handlar vanskane med å verbalisera fascinasjon for abstrakte verk berre om mangel på kunsthistoriske referansar, men kanskje òg om at kroppslege sanseerfaringar for meg er langt mindre intuitive enn til dømes kunstens samfunnsrelevans og politiske bodskap.