At klimastatistikkane berre viser produksjon kan òg ha konsekvensar for korleis ein tenkjer kring landbruket. Utstillinga til Per Odd Aarrestad har tittelen «Natur i endring». På avstand står teikningane fram som rolege og balanserte. Men når ein kjem nær, blir tankane vikla inn i energiske blyantstrekar. Det er noko med streken som minner om vipa si lite føreseielege ferd i lufta. Brå retningsendringar. Kanskje bør mennesket gjere kjappe retningsendringar for å redde artane me deler kloden med. Men er me tilpassingsdyktige nok til å klare innordna oss konsekvensane av vår eigen eksistens og våre handlingar?
Når klimaet blir meir ustabilt burde mat vere det ein først prioriterte. Frukt og grønt er sårbart i møte med klimaendringar, så ein burde satse på kjøtt. Særleg sau og rein. I ein av teikningane ser eg ein traktor. Den er på veg vekk frå meg. På veg inn i strekane ein stad kor framtida ligg. Kanskje på veg ut av biletet, så står eg att på andre sida av ramma…
Ei anna av teikningane viser ei løe i ferd med å kollapse og dei omtrent biologiske strekane bidreg ytterlegare til å danne om løa til natur. Skal me la landbruket bli samtidsruinar så me kan sjå bra ut i statistikkane? I bakgrunnen ser eg eit nytt fjøs. Fabrikkliknande. Mindre kontakt mellom menneske og dyr. Meir effektivitet. Slik går det når folk vil ha billegare mat. Lurer på kva Arne Næss hadde tenkt om klimapolitikken i dag. Den strid fullstendig med det han skisserte opp som idealsamfunn; mest mogeleg lokalprodusert.
Samanlikna med dei fleste land i Europa er norsk landbruk tilnærma økologisk grunna strenge restriksjonar på sprøytemiddel og medisinering. Kanskje burde me av omsyn til kloden stå for meir av produksjonen sjølv? Kanskje burde me slutte å bry oss om statistikkane og heller bry oss om naturen?
Vipa blir rekna som «Jæren sin nasjonalfugl». Arten er no sterkt utrydningstruga her. Det kunne ikkje vere vinden som hadde teke med seg alle fuglane som fylte luftrommet i min barndom? Kanskje var det tida som hadde teke dei med seg og gått. Tida som renn mellom fingrane og bærer med seg konsekvensar.
Eg trur mennesket er meir redd kollaps av økonomisk vekst, enn naturøydelegging. Ein aukar forbruket i tru på at det skal føre til at klimaet sluttar å endre seg.
Strekane på papiret liknar somme stadar spor etter krafsande fugleføter. Klorer seg fram i leit etter noko å halde seg fast i. Aarrestad har levd lenge nok til å sjå med eigne auge at endringar skjer raskare enn det gjorde før. Må me verkeleg framover?
I ei av teikningane ser eg fuglevenge. I ei anna ser eg eit fugleskjelett. Døden er ein del av naturen sine syklusar, men mennesket har kutta syklusane i småbitar og strukke dei som rake linjer mot ein mørknande horisont. Strekane i teikningane går ikkje i berre ei retning, men grip liksom tak i noko grunnleggjande ved naturen. Det ikkje-lineære. Det kaotiske. Kaoset er ikkje er rot, men ein eksistens lausrive frå menneskeleg føreseieleg logikk.
Aarestad snakka om at handa liksom spring av garde når han teiknar. Nesten så han må halde den fast. I ei av teikningane ser eg ei bie som liksom har blitt fanga i linjer. Noko inni meg er òg fanga. Strekane har med ein poetisk villskap kanskje gripe tak i noko av det som gjer oss til menneske. Men klarar me gripe tak i våre eigne handlingar i kvardagen for å bidra til å bremse dei raske endringane i naturen?
Det går ei mengd mentale snuble-trådar mellom desse to utstillingane. Og sjeldan har eg sett utstillingar kor kunsten klarar bære med seg så mange lag av kompleksiteten i dei endingane naturen og klimaet kan stå ovanfor framover. Utan å rope og insistere, men ved å berre vere der lik edderkoppen som vandrar på veggen din.
Kanskje treng me kunsten for å sjå både oss sjølv betre, og for å betre forstå våre plassar i naturen, som me trass vår destruktivitet er ein uløyseleg del av. Og i punkta kor våre ulike refleksjonar vandrar fritt i kunsten, kan me kanskje finne noko som er verdt å bruke til byggesteinar for noko anna. Kanskje kan både ein forkasta tanke og forkasta restar etter produksjon, innehalde ting ein treng for å unngå at vegen vidare blir ein bein strek. Kanskje må me forkaste heile idéen om «vegen» vidare for kanskje er det best å vere langt ute på jordet og heilt bak mål. Langt vekke frå alle vegar.