Journal

NO
20/03/23 • Review : Merete Jonvik

Å leika seg gjennom livet

NO
20/03/23 • Review : Merete Jonvik

Å leika seg gjennom livet

Sosialantropolog og sosiolog Merete Jonvik skriv i denne kritikken om Shahrzad Malekian si utstilling på Stavanger kunstmuseum. Ho løftar fram fridomen og meininga som ligg i leik med det materielle og konkrete i utstillingsrommet, og forståing som vert skapt gjennom sansing og taktilitet.

Kunstnaren Shahrzad Malekian har fylt utstillingsrommet på Stavanger kunstmuseum med spreidde objekt i tekstil, tre og tjukkplast – alle i forskjellige former. Utstillinga «Rebelske former» er laga som ei deltakande utstilling der ein kan ta på, flytta og gjera kva ein vil med objekta som er del av den. Pinnar, strikkar, og puter som kan vera biller, hetter, eller hengande og liggande tekstilkreasjonar. Fargetonane er i oransje, rosa, raudt, cerise og svart-kvitt. Utstillinga inviterer til deltaking ved at alt som er i rommet er lov å ta på, leika med, flytta på eller ta på seg. Som publikum kan ein laga sine eigne skulpturar, delta med sin eigen kropp, kle seg med tekstilane, bygga med platene – gjera utstillinga og opplevinga av den til si eigen.

«Rebelske former» er å finna i den relativt nye formidlingsarenaen til museet, NONA, som har både ein utstillings- og verkstaddel. I desse romma ønskjer museet å utforska forskjellige sider ved deltaking og medskaping gjennom kunst. Gjennom programmeringa i NONA freistar museet å legga til rette for tettare band mellom kunstnarar sitt skapande arbeid og publikum sin resepsjon av kunst. Her har vore utstillingar ein kan ta på, leika i, vera aktiv del av.

Den iranske kunstneren Malekian arbeider gjerne med video, performance og installasjon og utforskar samspel, deltaking og performativitet gjennom kunstverka sine. «Rebelske former» er del av prosjektet «Participatory Playground», begge nydelege namngjevingar av deltakarbaserte kunstprosjekt. Deltakarbasert leikeplass, som er kunst. Kunst som er ein leikeplass.

Eg har vore i utstillinga fleire gonger, men det var med niesa mi på to og eit halvt år at det deltakande formeksperimentet kom til sin rett. Målgruppa for utstillinga er nettopp barn i barnehagealder. Niesa mi er om lag ein meter høg. Ho tek av seg skoa i ringen der det er signalisert at ein skal gjera det, og ho treng ikkje mange sekund etter eg har annonsert at det er lov å ta på alt, før ho brukar rommet som sitt. Ho set seg inni ting, grip tak i stokkar, spring, seilar, set saman objekt. Ho får stokkar til å rulla, og ikkje minst kommenterer ho kva ho gjer og kva som skjer. «Eg går inn her». «Denne kan ligga der». «Eg rutsjar». «Den flyr!». «Kan du ta ned den?». «1, 2, 3, 4, 5».

Sagt med vaksne ord så er jenta og eg i rørsle, og vi avgjer sjølv korleis vi vil røra oss i utstillinga. Vi sansar gjennom å ta på og sjå. Vi grip om og pratar om materialitet, om kva objekta er laga av, om dei er harde eller mjuke, utforskar kva lydar dei lagar. Vi er eigenrådige ved at vi omplasserer ting, bytter plass på objekt, ulikt kva som er lov i dei fleste kunstutstillingar. Toåringen heng strikkejakka si opp på veggen så den vert del av utstillinga sitt oppheng. Vi er performative, vi snakkar om kva objekta kan vera, likna på, dei vert del av ei forteljing. Fire rosa pinnar vert ein familie. Familiemedlemmane rutsjar utfor ein formskrent, ein etter ein, og endar av og til på same stad, av og til langt frå kvarandre. Niesa mi ordnar det slik at dei landar på same stad, vil at dei skal vera saman, som ein familie. Eg undrar meg over at ho, som sjølv er del av ein kjernefamilie på fire som består av far og mor, ho sjølv og ei søster, likevel gir pinnane rollane far og mor og søster og bror. Vi abstraherer ved at vi løftar oss over objekta sine konkrete eigenskapar og sin utsjånad, grupperer dei saman og gir dei namn.

Vi brukar kroppane våre, åleine og saman, konkret og sosialt.

Det deltakande aspektet gjer at niesa mi truleg ikkje skil nemneverdig mellom utstillingsrommet og resten av museet eller områda rundt. Ho er ikkje annleis i måten ho er i, grip om og snakkar om objekta i utstillingsrommet, samanlikna med i kafeen etterpå og på vegen heim. Liten gul rund makron ved kafébordet i kuppelen får same type merksemd som puter i utstillingsrommet. Vi pratar om kvifor det ikkje er naudsynt å vippa glaset ein drikk av når ein har sugerøyr, ho kommenterer fargar. Slik ho gjorde det i utstillinga. Ho trakkar på snøklumpar og lagar system i trakkinga. Vi roper og leiker med ekko i undergangen som tek oss vekk frå museet. Det deltakande aspektet – og det at det er lov å ta på alt – gjer òg at utstillingsrommet kjennes fritt. For meg ein fridom som i utstillingssamanheng er tydeleg avskoren i tid og rom, for niesa mi truleg meir eit pågåande prosjekt. Ser ein fridomen i relasjon til Malekian sin iranske bakgrunn, og Irans forbod mot leik, dans og fri utfalding, får fridomen ei langt sterkare tyding. I dette rommet kan kroppen fritt interagera med objekt slik den sjølv lystrar.

«Rebelske former» er ein gneistrande tittel, og som med kjensla av fridom, får tittelen ulike tydingar alt etter kva kontekst ein tolkar den opp i mot. Sett i lys av den enorme innskrenkinga av fridom spesielt jenter og kvinner lid under i Iran, kan både tittelen og kunsten sjåast som ein motstandsstrategi. Tolka uavhengig av dette er ikkje dei rebelske formene fullt så rebelske – ei innvending som ikkje fell på kunstnaren, men på kunstinstitusjonar og kunstfeltet i fellesskap. Det som i så måte hadde vore rebelsk var om deltakarbaserte og taktile utstillingar ikkje fullt så ofte vart lagt til kunstmusea sine barneavdelingar, men at ein med større fynd anerkjende at her finst vaksne som set pris på kunstutstillingar som opnar for taktilitet –  vaksne som vil leika seg gjennom livet.

Det har Stavanger kunstmuseum gjort ved nokre høve tidlegare, til dømes i utstillinga «Afetosyntesis» av Maria Nepomuceno, men generelt sett er det langt mellom kunstutstillingar som legg opp til at ein kan ta på og leika i. I ordboka er leik definert som fysisk og psykisk aktivitet etter visse reglar utan særskilt føremål, som tidtrøyte, moro, spel og strid. Det er fint å vera i eit kunstrom der leik speler ei rolle, og der reglane er nede i eit minimum. Meining og forståing vert skapt i samspel med den materielle og konkrete verda vi er del av, og gjennom sansing og taktilitet. Dette er i seg sjølv faktisk grunn nok til at kunstmuseer sine fokus på betraktning og betraktarrolla med fordel kan minskast.

* Kurator for denne utstillingen, Helga Nyman, er styremedlem i CAS. Teksten er skrevet av en uavhengig skribent.

Merete Jonvik er sosialantropolog og sosiolog. Ho bur og jobbar i Stavanger, som førsteamanuensis i sosiologi ved Institutt for medie- og samfunnsfag ved Universitetet i Stavanger. Ho underviser i tema som sosial ulikskap og materiell kultur. Forskingsområda hennar er hovudsakeleg innanfor kunst- og kultursosiologi. Jonvik har saman med Eivind Røssaak, Hanne Hammer Stien og Arnhild Sunnanå gitt ut boka Kunst som deling, delingens kunst (Fagbokforlaget). Boka omhandlar samtidskunstfeltet i Noreg etter 2010. Jonvik skriv fast for Contemporary Art Stavanger (CAS).